Søndag blir det kulturarvdag på Fjelberg prestegard

Fjelberg prestegard ønskjer søndag velkomen til eit arrangement i høve det europeiske «Kulturarvåret 2018». Her frå eit folkemøte i vår. (Arkivfoto).

Fjelberg prestegard ønskjer søndag velkomen til eit arrangement i høve det europeiske «Kulturarvåret 2018». Her frå eit folkemøte i vår. (Arkivfoto).

I høve det europeiske «Kulturarvåret 2018» vert det søndag arrangement på Fjelberg prestegard.

DEL

Riksantikvaren, riksarkivaren, båten MS «Vestgar» og Fjelberg blåseband kjem til Fjelberg prestegard søndag 17. juni. Og no lurer arrangørane på om du har lyst til å koma òg. I høve det europeiske Kulturarvåret blir det nemleg ei betydeleg markering med eit ope arrangement på den gamle prestegarden komande søndag.

Frå Bergen kjem veteranbåten MS «Vestgar» som er ute på tokt i høve dagen. Når gjestene er vel framme på prestegarden, ventar føredrag av riksantikvar Jørn Holme og riksarkivar Inga Bolstad. Desse tar for seg delar av historia til den vel bevarte Fjelberg prestegard. Omvising og musikk frå Fjelberg blåseband står òg på programmet.

Arrangementa er del av den nasjonale markeringa av Kulturarvåret. Bak står Arkivverket, Riksantikvaren, Hordaland fylkeskommune, Stiftinga Fjelberg prestegard, Fjordabåtane og Åsane Historielag.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags