Imitasjons-moro på toppnivå i kulturhuset

«Erna Solberg» (Rigmor Galtung) og «Sindre Finnes» (Kåre Nybakk) er gjennomgangsfigurar i showet «Og de imiterte er...». (Pressefoto: Turnéhuset Mikrofonen).

«Erna Solberg» (Rigmor Galtung) og «Sindre Finnes» (Kåre Nybakk) er gjennomgangsfigurar i showet «Og de imiterte er...». (Pressefoto: Turnéhuset Mikrofonen).

Artikkelen er over 1 år gammel

Likar du elleville kjendisimitasjonar bør du få med deg Rigmor Galtung og Kåre Nybakk sitt show i Kulturhuset Husnes fredag 9. mars.

DEL

Då er det nemleg klart for forestillinga «Og de nominerte er...». Rigmor Galtung og Kåre Nybakk byr på eit boblande show der du får oppleva store delar av den politiske eliten i Norge i form av herlege imitasjonar og musikalske ablegøyer.

– Kåre og eg har skrive tekstane i lag. I tillegg spelar han ukulele, gitar og piano, og ikkje minst Sindre, mannen til Erna, forklarar Galtung per telefon.

Mange kjenner Rigmor Galtung frå fjernsynsskjermen som spesialist på imitasjonar av Gro Harlem Brundtland.

– Men denne gongen er Gro eigentleg nekta adgang, ler Galtung, som likevel held scenedøra på gløtt for landsmoderen.

Ramma for forestillinga er ei prisutdeling der Erna Solberg og mannen Sindre (han er no mest på slep) er programleiarar.

– Men prisutdelinga sklir ut og blir ganske så tullete. Det blir meir nominasjonar enn prisar, utdjupar imitator-dronninga.

Sjølv skal ho imitera 17 ulike kjendisar – partnar Nybakk har rolege tre karakterar å halda styr på.

– Korleis i all verda klarer du å omstilla deg totalt så mange gonger?

– Hehe, eg har jo øvd litt, skrattar Galtung. – Nokre er lettare enn andre, men eg må sjå dei for meg før eg går på scenen. Og så ligg parykkane sirleg laina opp i same rekkjefølgje som imitasjons-nummera. Elles hadde det gått i ball.

At Norge for tida har mange sterke kvinner i den politiske eliten er midt i blinken for Rigmor Galtung.

– Og så passar det også svært bra for meg at mange av dei er litt lubne, skrattar Galtung.

I tillegg til Erna, Siv og Trine, vil publikum få oppleva Galtung sine versjonar av Hadia Tajik, Sylvi Listhaug, Linni Meister (som noko navlebeskuande nyhendeanker) og mange fleire til.

– De spelte denne forestillinga i Oslo i fjor haust. Er det gjort mange justeringar?

– Ja, etter valet måtte me jo endra ein del. Trine kulturminister har kome til, og det blir litegrann me too. Til dømes er jo vår Siv Jensen-figur meir enn gjerne med på litt me too med Bjørnar Moxnes. Og publikum får ein royal imitasjon som nyleg har kome til – meir avslører eg ikkje om den.

– Er det stor skilnad på oslopublikummet og dei som sit i salane Norge rundt?

– Ja, det er det, og eg elskar å vera på turné rundt om i landet. Folk i Oslo er meir blaserte – på mindre stader er publikum ofte meir kulturelt bevisste, synest eg.

Rigmor Galtung har elles røter i Jondal og gler seg til å koma tilbake til eit geografisk område ho kjenner slektskap til.

Showet varer om lag ein time og eit kvarter, utan pause. Magemusklane må du altså strekkja ut etterpå.

– Eg håpar folk kjem for å få ei morosam stund. Forestillinga passar for dei fleste aldersgrupper – vi kan lova mange imitasjonar, litt satire og eigen flanellograf, lokkar Rigmor Galtung.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags