Biletkunstnaren og fotografen som skal vera festivalutstillar under Mat & Kunstfestivalen i Rosendal er alt i gang med planlegginga. Sist veke var han i Rosendal for samtalar med gallerieigar Gørill Guddal, og for å fotografera ulike motiv som etter kvart kan bli maleri i store format.
– Samtalen med Gørill er ein viktig del i planlegginga av utstillinga. I tillegg skal eg prøva finna nokre motiv som eg kan bruka på utstillinga eg skal ha her i sommar, seier Per Fronth til Kvinnheringen.
Han har ein gong tidlegare vitja Rosendal, men då som båtturist. Fredag kveld nytta han helikopter i jakta på gode motiv.
– Eg veit ikkje om eg finn motiv som eg kan nytta. Det heile kan lett bli eit skot i blinde, og eg er førebudd på at det kan bli ein bomtur, sa Fronth før han steig inn i helikopteret.
Fronth nyttar fotografi som grunnlag for maleria. Etter å ha fått fotografia på plass, malar han på dei. I hovudsak arbeidar han i store format. Kunstnaren frå Kristiansand har hatt fleire store utstillingar i New York, København, London og Chicago. I 2009 vart han som den første fotografiske kunstnar, peika ut til å vera Nobel-kunstnar. Han laga diplomet som den amerikanske presidenten, Barack Obama, fekk dette året.
Men i juli kjem han altså til Rosendal. Då vert det spennande å sjå om han fekk nokre «scoop» under helikopterturen over Rosendal-området på fredag.