Kvinnherad bibliotek jubilerer

Dei tilsette på Kvinnherad bibliotek gler seg til jubileumsfeiring i helga, og inviterer til kaffi og kaker og eit fullspekka program laurdag. F.v. Susanne Fæhn, Monica Nessestrand, Anita Larsen, Trude Hege Bergesen, Håkon Sletten og Therese Kaland Sund. Hilde Gry Opheim jobbar også på biblioteket, men var ikkje til stades då bildet vart tatt. (Pressefoto).

Dei tilsette på Kvinnherad bibliotek gler seg til jubileumsfeiring i helga, og inviterer til kaffi og kaker og eit fullspekka program laurdag. F.v. Susanne Fæhn, Monica Nessestrand, Anita Larsen, Trude Hege Bergesen, Håkon Sletten og Therese Kaland Sund. Hilde Gry Opheim jobbar også på biblioteket, men var ikkje til stades då bildet vart tatt. (Pressefoto).

Kvinnherad bibliotek feirar 30-årsjubileum laurdag 8. desember.

DEL

Då vert det full rulle heile dagen for store og små, med juleverkstad, teater, trekking av teiknekonkurranse og jubileumsmarkering, skriv dei tilsette i ei pressemelding.

Det heile byrjar på morgonen med skrivekurs for barn mellom 8–12 år, og det er så godt som fullteikna. Dette vert leia av Christin Grillstad Prøis som gir metodar og tryllar fram historier i lag med barna.

Deretter vert det familieteater med teatergruppa Kaos-operatørane. Dei viser stykket «Heksagon og julestria» som er ei varm og stemningsskapande førjulsframsyning om ventetid og vennskap. Så er det klart for teaterframsyning nummer to for dagen: «Jul i Piratbukta». Det er ei morosam førjulsframsyning med dombjølle-risling og kordeklink i ei salig røre. Madam Muskel og Karsten Krutt ynskjer seg besøk av julenissen, men er dei snille nok? Aktørane lovar song og musikk, kuler og krut og mykje god julestemning. Begge teaterframsyningane varer rundt 35–40 min. og passar for barn frå 3 år.

Sist på programmet vert det jubileumsfeiring med kaffi og kaker og helsingar. Det vert song ved vokalensemblet Glimrah og eit føredrag om det «Norske biblioteket» ved fotograf Jo Straube. Straube har reist land og strand langs heile Norge og fotografert mange bibliotek i mange fasongar. Boka har vunne pris for «årets vakreste bok».

– Vi håpar mange tek turen innom biblioteket laurdag og feirar i lag med oss. Alle programma er gratis og opne for alle, helsar dei tilsette på biblioteket.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags