Julespel på Valen

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Valen skule inviterte torsdag til julespel på skuleplassen. Elevar frå første til fjerdeklasse leita etter julesongane som forsvann.

DEL

Borna var flinke og det var tydleg at dei hadde øvd hardt på julespelet som dei viste fram til foreldre, sysken og venner. Elevane leita etter julesongane som forsvann. Etter kvart som songane kom tilbake, song elevane med all si røyst. Det var både blånissar, raudnissar, englar, jenter og gutar tilstades på scenen på skuleplassen. Og sjølv om det var bitande kaldt var publikum engasjert.

– Det er kjempekjekt med julespel, konstaterte fjerdeklasseelevane Hans Kristian Harsvik (9), Benedicte Haukeland (9) Torstein Thorkildsen (9) og Eirik Eysturdal, som alle gjekk rundt juletreet på oppvisninga. No gler dei seg til juleferie og snø.

– Det er ikkje alltid det er snø i jula, men då eg var liten var det alltid snø og eg var å skeisa på vatnet. Då var eg sikkert berre tre år, mimrar Torstein.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags