Keramikk i Galleri G Guddal

Gult fat av Elisa Helland-Hansen. Laurdag opnar utstilling med fleire av dei keramiske verka hennar. (Pressefoto).

Gult fat av Elisa Helland-Hansen. Laurdag opnar utstilling med fleire av dei keramiske verka hennar. (Pressefoto).

Artikkelen er over 5 år gammel

Laurdag opnar Elisa Helland-Hansen utstillinga «FOR MAT» i Galleri G Guddal i Rosendal.

DEL

Galleriet feirar 20-årsjubileum i år og startar året med ei keramikkutstilling med ein nytilflytta Kvinnhering. 2013 er eit merkeår i hennar liv som keramikar. Det markerer avslutninga på meir enn 30 års verksemd på Langegården i Bergen, i tillegg til nyetablering med nybygd keramikkverkstad på Seimsfoss i Kvinnherad. Hennar første utstilling i Rosendal på Galleri G Guddal speglar resultat av 30 års erfaring og fokuserer på dei brukstinga som har stått sentralt i hennar praksis; nemleg fatet, mugga og koppen. Ho har hatt ein spesiell kjærleik for nettopp disse tre gjenstandstypane heilt frå starten i 1978. Dei er blitt studert og vendt på i minste detalj, utdjupa og foredla. Tittelen på utstillinga, FOR MAT, fortel at alle gjenstandane er tiltenkt mat og drikke.

Fredag, kvelden før opninga av utstillinga, vil ho visa glimt frå 30 år som keramikar i form av foto, musikk og tekst på Raualøo i Rosendal. Laurdag blir utstillinga opna av forfattar Helga Gunerius Eriksen, og Ida Helland-Hansen og Hannah Knudsen vil stå for musikken, skriv Gøril Guddal i ei pressemelding.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags