Kjende kunstnarar til Rosendal

Kunstnar Per Fronth kjem til Rosendal Mat & Kunstfestival.

Kunstnar Per Fronth kjem til Rosendal Mat & Kunstfestival. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

www.kvinnheringen.no: Rosendal Mat & Kunstfestival, som blir arrangert andre helga i juli, har sikra seg to kjende kunstnarar, Kurt Johannessen og Per Fronth.

DEL

Festivalkunstnar Kurt Johannessen (f. 1960) har ein markant posisjon i norsk samtidskunst og arbeider i eit vidt internasjonalt felt. I snart 30 år har verksemda hans hovudsakleg vore knytt til performance, bøker, video og installasjon. Han har produsert over 200 performancearbeid med visningar i Europa, Asia og Amerika sidan tidleg på 80-talet. .
Under Rosendal mat & kunstfestival vil Kurt Johannessen blant anna ha ei eiga bod der publikum blir inviterte til å smaka på eksotiske kunstneriske rettar med eit snev av ville dyr frå Afrika og Asia.

Fotokunst
Festivalkunstnar Per Fronth (f. 1963 i Kristiansand) jobba ca. 10 år som pressefotograf i VG før han starta sin kunstneriske veg. Denne vegen førde han til New York i første halvdel av 1990-talet der han via seg heilt til kunsten. I 2005 kom han tilbake til Norge og heimbyen Kristiansand der han bur i dag.
Det var i New York han slo gjennom som kunstnar med utstillingar i det prestisjetunge Dillon Gallery, og store utsmykkingsoppdrag i m.a. Hyatt Hotel på Manhattan. Han er innkjøpt av Museum of Modern Art i Japan, franske Biblioteque Nationale i Paris, NATO, MGM Grand Las Vegas, Ekebergrestauranten i Oslo og mange fleire.
Fronth har utvikla ein mixed medieteknikk der han overfører foto på lerret for deretter å mala oppå. Dette skapar ein heilt spesiell stemning og gjev eit attkjennande preg.
I 2009 var Fronth Nobelkunstnar og laga dermed diplomet som blei tildelt president Barack Obama.


(Henta frå pressemelding)

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags