Kloster-låt har fått inn 300.000,-

Øystein Kloster sin låt «Høstløv» har til no selt for 300.000 kroner. Her er han saman med Toni Gundersen (t.v.), ein av dei som har vokal på låten. (Arkivbilde).

Øystein Kloster sin låt «Høstløv» har til no selt for 300.000 kroner. Her er han saman med Toni Gundersen (t.v.), ein av dei som har vokal på låten. (Arkivbilde).

Artikkelen er over 4 år gammel

Øystein Kloster sin låt «Høstløv» har så langt fått inn over 300.000 kroner til Stiftelsen Sykehusbarn.

DEL

I vinter spelte en gjeng artistar frå Rogaland og Hordaland inn låten «Høstløv» til inntekt for Stiftelsen Sykehusbarn. Låten er skrive av utflytta kvinnhering og Stavangerbu Øystein Kloster. Songen er inspirert av Magne Helander sine openhjartige oppdateringar på Facebook om dottera Ylva sin skjebne. Ylva hadde kreft og døydde i november, 7 år gammal. TV2-programmet «Vårt lille land» fekk følgja Ylva og familien den siste tida ho levde, og programmet blei nyleg vist på tv.

Låten «Høstløv» blei lagt ut for fysisk sal gjennom ei nettside i regi av Sykehusbarn, og har til dags dato spelt inn over 300.000 kroner til stiftinga. Singelen hadde eit førehandssal på heile 1700 eksemplar, noko som er ganske unikt i dagens musikkmarknad, heiter det i ei pressemelding. Det totale salet er fleire tusen, og då berre fysiske eksemplar.

Høyr låten her:

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags