Klosterdagane

Bjørn Arve Lunde frå Sunnhordland Museum kjem
til Klosterdagane for å byggja båt saman med ungane. (Pressefoto).

Bjørn Arve Lunde frå Sunnhordland Museum kjem til Klosterdagane for å byggja båt saman med ungane. (Pressefoto).

Helga 7. og 8. juni er det på nytt Klosterdagar på Halsnøy Kloster med konsertar, performance, musikkspel, utstilling og føredrag. Det blir markering av 100-års jubilantane Hauge og Tveitt, og Klosterkafé for dei kaffitørste.

DEL

Les Kvinheringen i 5 veker for BERRE 5 kr!

Pressemeldinga frå Halsnøy Kloster er full av spennande artistar: Blant andre vinnaren av «Virtuos 2008», fiolinisten Eldbjørg Hemsing, som held eigen konsert saman med pianisten Jie Zhang.

Visesongaren Harald Nesse er tilbake, denne gongen i duett med Cecilie Jørstad i eit program med songar av bl.a. Tom Waitz, Neil Young og Graham Parson.

Skodespelar Gunhild Aubert Opdal og musikarane Kari Malmanger og Bjarne Iestra lagar nachschpiel med Olav H. Hauge i sentrum, og duoen Twitter Machine fremfører Hardingtonar av Geirr Tveitt.

Biletvevkunstnaren Eldbjørg Flesland er festivalutstillar i år. Utstillinga hennar heng i klosterkjellaren resten av sommaren.

Lokale aktørar

I tillegg til nemnde Malmanger og Opdal, dukkar det opp fleire kvinnheringar under Klosterdagane: Kammerskoret skal syngja under leiing av Eli Haugan, og Johannes Eide kjem med Halsnøy-båten i klostertunet søndag føremiddag. Denne dagen får Klosterdagane òg besøk av Johanne Øvstebø Tvedten og Bjørn Arve Lunde som syner musikkspelet «Eg byggjer meg ein båt».

Urframføring

Festvalen står også i år bak ein eigen nyskapande produksjon, med urframføringa av ein performance av John Cunningham og musikk av Mark Adderley. Her medverkar dansaren Silje Dyrseth og fiolinisten Lars-Erik ter Jung.

Pusterom

Som tidligare er førestellingene på Klosterdagane relativt korte, og dei er lagt i bolkar med litt pusterom i mellom. Arrangørane håper at publikum vil koma til Halsnøy Kloster og få med seg fleire av tilskipingane, og samtidig nyta dette spesielle området som er ein del av Sunnhordland Museum.

Artikkeltags