Gå til sidens hovedinnhold

Lanserer nytt konsept med Matti-konsert

Artikkelen er over 4 år gammel

Neste helg, laurdag 14. mai, blir det kickstart på 5460-konseptet «I Festsalen» og stor konsert med vår eigen musikkhelt; Matti Røssland.

Dette blir den første konserten Matti gjer på Husnes med fullt band på lang tid. Matti sjølv gler seg stort og lovar «Rock'n roll»!

Matti sleppte tidlegare i år singelen «Svanesangen», den første nye låten hans på over tolv år. Dette skal markerast skikkeleg, på Husnes – naturlegvis! Festen blir også ei førehandsmarkering av det kommande albumet som kjem til hausten.

– Nytt materiale og herlege Matti-hits på rekkje og rad, i Husnes si eiga storstove. Kan det bli betre? Dette blir ein storslått konsert. Matti drar alltid fulle hus på Husnes, så her gjeld det å sikra seg billett! skriv arrangørane i ei pressemelding.

Bar 5460 har i lang tid jobba målretta for å gi eit breitt og godt tilbod til publikum i ulike aldrar. Livemusikk-tilbodet viser seg å bli meir og meir populært, og no er det på tide å ta eit steg opp. Derfor lanserer drivarane no konseptet «I Festsalen». Lokalitetane i Kulturhuset har betre kapasitet, som betyr at ein kan tilby større band, og Matti trør i gang denne satsinga.

Etter konserten med Matti og band, er det ingen grunn til å avslutta kvelden. Det fantastiske og allsidige bandet Humming Beez held fram med musikk frå scena utover kvelden og natta, står det i pressemeldinga.

Kommentarer til denne saken