Gå til sidens hovedinnhold

Trist musikk for lukkelege folk

Artikkelen er over 5 år gammel

Fredag 19. februar kjem Novocaine med gjester til 5460.

Bandet slo til tidleg på 2000-talet med låtar som Demo deLuxe, Dancing og Icedrops, songar som vart spelt mykje på P3. Dei var òg på turnear i Norge og Danmark, og hadde dobbelkonserter saman med både Big Bang, Span og Orango.

Musikalsk står bandet nær Radiohead, Sigur Ros og Muse, men med sitt eige musikalske uttrykk, heiter det i ei pressemelding.

Novocaine består av fem musikarar: Remi Sjo frå Halsnøy på trommer, Øyvind Vevang, Sigbjørn Hovland (vokalist), Tore Falch og Trond Betten, som etter kvart må kunne kallast kvinnhering etter å ha budd her sidan 2004.

Etter ein del års pause vakna gruppa til liv igjen for nokre år sidan. Musikarane har gjort sporadiske ting innimellom, men for to år sidan bestemte dei seg for å ta opp igjen prosjektet. Sidan har det gått slag i slag. I 2015 spelte gruppa inn plate i Havnelageret studio i Bergen med Daniel Birkeland. Plata skal snart vera klar for å leggjast ut. I 2016 er gruppa booka til ei rekkje konsertar, og dei var nyleg oppvarmingsband for Poor Rich Ones på Garage i Bergen. Av det kjekkaste gruppa gjorde i fjor, nemner Trond Betten Rock 15 på Hus-nes.

Kvifor skal folk gå på 5460 denne fredagen?

– Dei kan koma fordi vi prøver å gje ei god oppleving gjennom musikk. Vi har etter vår meining gode låtar med bra trøkk, seier Betten.

Kommentarer til denne saken