Jazz og song på sitt mest sjarmerande

SMÅJAZZARANE: Frå venstre: Maren Skåla Seglem (9), Ronja Hatteberg Huke (9), Frøya Sverresdotter Hatteberg (8), Ariel Reed (8), Ingebjørg Mehl (7), Olga B. E. Mehl (7) og Lina Sofie Dommersnes (7).

SMÅJAZZARANE: Frå venstre: Maren Skåla Seglem (9), Ronja Hatteberg Huke (9), Frøya Sverresdotter Hatteberg (8), Ariel Reed (8), Ingebjørg Mehl (7), Olga B. E. Mehl (7) og Lina Sofie Dommersnes (7).

Laurdag 25. november kan du høyra desse småjazzarane i Kvinnherad kyrkje som ein del av Rosendal Songlag og Jazzverket sin førjulskonsert.

DEL

Etter å ha høyrt «Atle og småjazzarane» under øving i Malmanger skule onsdag kveld, er det ingen tvil om at dei sju jentene blir ei av rosinene i pølsa når Rosendal Songlag og Jazzverket inviterer til konsert. Det er Atle Fredheim som styrer minikoret, og sjarmørane skal syngja «Hvis kyr kunne mjaue» og «Petter Mathisen» i tett samspel med Jazzverket. Her er det berre å gle seg til stor innleving og songglede som lyser lang veg. Fredheim skal sjølv bidra på vokal med songen «God bless the child» i lag med Jazzverket.

Jazzverket har elles med Vegard Døssland (trompet) og Ananda Gopi Storegjerde (song). Grunnstamma i bandet er Ivar Baste (piano), Stein Haugen (kontrabass) og Torkjell Nerhus (trommer).

Samarbeid

Då Rosendal Songlag inviterte Jazzverket med på å laga til felles førjulskonsert, kom songarane og musikarane fram til eit felles ønskje: Å laga ei best mogeleg samansmelting av to musikk-kulturar og rett og slett spela mest mogeleg i lag, fortel Stein Haugen i Jazzverket og Unni Vatne Nedrevåg i songlaget.

– Vi hadde lyst å gjera noko anna og kan lova eit allsidig repertoar, fortel Unni.

– Og vi ville gjerne samarbeida, legg Stein til.

Så med nokre få unnatak, er songlaget og Jazzverket i samspel gjennom konserten som vil vara om lag ein time. På repertoaret står mellom anna «Spain» av Chick Corea, så publikum kan sjå fram til å høyra den spennande jazzrock-klassikaren framført med blandakor. Her får dirigent Eva Megyesi litt av kvart å passa på.

Publikum kan elles gle seg til «Vals i Tango», «Song for my father», «Mary did you know» og «A jolly, jazzy Christmas», for å nemna nokre av songane på repertoaret.

SAMSPEL: Jazzverket og Rosendal Songlag under øving i Malmanger skule.

SAMSPEL: Jazzverket og Rosendal Songlag under øving i Malmanger skule.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags