Visekveld med Næs

Jimmy Næs kjem til biblioteket komande tysdag. (Pressefoto)

Jimmy Næs kjem til biblioteket komande tysdag. (Pressefoto)

Artikkelen er over 3 år gammel

Tysdag 24.november blir det visekveld med trubadur Jimmy Næs i biblioteket.

DEL

I anledning forfattar /lyrikar Olav H. Hauge si 75-års feiring på «Lille scene» i Bergen, framførte trubaduren Jimmy Næs viser med tekst av Olav H. Hauge. Etter den tid har det kome fleire Hauge-viser frå songaren.

Jimmy Næs er, i tillegg til trubadur og visesongar, også tekstforfattar, komponist og formidlar. Han er oppvaksen i Rosendal, der han var medlem i popgruppa «Sofus». Etter kvart- då han flytta til Bergen, og seinare til Etne- var det visesong som hadde fokus. Han har vore aktiv i revy- og kabaretlivet og var frontfigur i visegruppe og visekro lokalt i Etne og Ølen.Han har også vore nytta i NRK sine lokale program.

Programmet for denne kvelden er stort sett basert på dikt av Hauge, som Næs har sett tone til og framfører som viser. I tillegg les han nokre dikt, men visesangen står sjølvsagt i fokus denne kvelden.

Vi på biblioteket håpar på stort frammøte. Det vert enkel servering.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags