Eit musikalsk høgdepunkt

KONSERT: Husnes musikklag skal saman med jazzmusikarane Tor Yttredal og Stein Inge Brækhus halda jazzkonsert laurdag 16. mars. (Arkivfoto).

KONSERT: Husnes musikklag skal saman med jazzmusikarane Tor Yttredal og Stein Inge Brækhus halda jazzkonsert laurdag 16. mars. (Arkivfoto).

Laurdag 16. mars kan ein få oppleva «Husnes musikklag goes jazz» i Festsalen på Husnes.

DEL

Husnes jazzklubb, i samarbeid med Kulturhuset Husnes, har utfordra Husnes musikklag, med dirigent Clive Anderson i spissen, til å halda ein jazzkonsert.

– Husnes musikklag har ved fleire høve vist seg å meistra mange ulike musikksjangrar, og dei tok vel imot utfordringa vår. Det blir veldig spennande når dei no kjem inn i jazzverda vår, seier arrangør Jarle Mehammer frå Husnes jazzklubb.

Clive Anderson gler seg til konserten:

– Vi har plukka ut velkjende jazzmelodiar, og skal blant anna spela «Blue Rondo à la Turk», som har ein spesiell rytme og er veldig kjekk å både spela og høyra på.

Gjennom to tredelar av konserten, skal musikklaget spela saman med dei profesjonelle jazzmusikarane Tor Yttredal og Stein Inge Brækhus. I tillegg vil dei to sistnemnde halda fram på eiga hand etterpå. Konserten vil vera i Festsalen på Kulturhuset laurdag 16. mars.

– Eg trur dette vil bli eit av dei musikalske høgdepunkta på Husnes denne våren, så dette er absolutt noko ein bør få med seg, avsluttar Mehammer.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags