Korpsa går saman om jubileumskonsert søndag

SAMLAR KORPSA: Husnes Musikklag har teke initiativ til felleskonsert og feiring av forbundet sitt 100-årsjubileum til helga. Musikklaget var ei viktig brikke i den store Pink Floyd-oppsetninga på Husnes i februar, og bildet er frå ei øving i forkant av showet. (Arkivfoto).

SAMLAR KORPSA: Husnes Musikklag har teke initiativ til felleskonsert og feiring av forbundet sitt 100-årsjubileum til helga. Musikklaget var ei viktig brikke i den store Pink Floyd-oppsetninga på Husnes i februar, og bildet er frå ei øving i forkant av showet. (Arkivfoto). Foto:

Norges Musikkorps Forbund feirar 100-årsjubileum, og derfor inviterer lokale korps til festkonserten «Heilt i hundre» førstkommande søndag.

DEL


Husnes Musikklag har tatt initiativ til å samla alle dei vaksne korpsmusikantane i Kvinnherad for å feira Norges Musikkorps Forbund sitt 100 årsjubileum, og inviterer til felleskonsert i Rosendal samfunnshus. Det kjem fram av ei pressemelding frå Husnes Musikklag.

Rosendal Musikklag, Høyåker Musikklag og Husnes Musikklag skal saman laga ein knallflott konsert, der mellom 70 og 80 musikantar skal i sving. Kvart korps speler si avdeling, og avsluttar konserten med to flotte fellesnummer med alle musikantane på scena samtidig. Det er sjeldan desse korpsa speler saman, så det blir truleg ei spesiell oppleving for både publikum og musikantane sjølve.

Korpsa ligg i hardtrening denne veka og øver på spreng kvar for seg, men «dagen før dagen» – på laurdag, skal dei ha seminar for å øva saman.

– Vi håpar på full sal og mange i publikum, for dette trur vi blir knall! helsar Britt Sollien, leiar for Husnes Musikklag.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags