Vårkonsert med Søfteland og Rosendal Musikklag

André Søfteland blir Rosendal Musikklag sin gjest på vårkonserten 16. mars. (Foto: Erika Hebbert).

André Søfteland blir Rosendal Musikklag sin gjest på vårkonserten 16. mars. (Foto: Erika Hebbert).

I desse dagar er Rosendal Musikklag i full gang med førebuingar til årets vårkonsert 16. mars. Denne gongen har dei fått med seg songaren André Søfteland.

DEL

Musikklaget prøver alltid å få tak i spennande gjester, og er derfor stolte over å ha kapra Søfteland.

– Det er travle tider for alle, og at vi fekk det til å klaffa med André er å rekna som eit varp. Dei som kjenner Rosendal Musikklag kan sjå at vi sitrar av begeistring og gler oss skrekkeleg! skriv Kristin Lamberg, leiar i musikklaget i ei pressemelding.

André Søfteland kjem frå Odda, og er kjent som skodespelar og songar. Han har utdanning frå Bårdar-akademiet og Guildford School of Action i England. Etter fullført utdanning reiste han til New York der han var med på både opp- og nedturar før han kom heim att i 2014. Dei siste åra har han gjort fleire hovudroller på dei større scenene i Noreg. Blant anna Jean Valjan i Les Miserables på Folketeateret, Sivert i Hellemyrsfolket på den Nasjonale scene og Ché i Evita på Bømlo teater.

– Vi ville ha med oss André på konserten fordi vi synest han syng svært fint og famnar breidde i det han presenterer. Han er rett og slett svært dyktig, og det er fint å høyra på han. Vi trur vi høver godt i lag! fortel Lamberg om samarbeidet.

Musikklaget har plukka stykke frå musikalar, filmar og popmusikk, men lovar òg tradisjonelle svisker på konserten. For å komplimentera lydbildet har laget med seg Bjarne Øymyr på klaver og Mats Moland Træen på bassgitar/gitar.

– Med så mange flotte musikarar samla ligg alt til rette for ein prima aftan. Lettlikande, glad og variert musikk, småbord i salen, sal av små forfriskingar og god stemning. Rosendal Musikklag håpar folk vil unna seg denne opplevinga, for det er jo fint å tilby eit kjekt publikum til gjestene våre! Vi sjåast laurdag 16. mars, avsluttar Lamberg pressemeldinga.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags