Held tre julekonsertar

Korsong: Røysterett for alle fotografert under jubileumskonserten i fjor då koret runda 30 år.arkiv

Korsong: Røysterett for alle fotografert under jubileumskonserten i fjor då koret runda 30 år.arkiv

Koret Røysterett for alle skal laga julestemning i tre bygder i adventstida. I tillegg har koret sut for songen blant unge stemmer.

DEL

I eit skriv frå koret går det fram at songfuglane med base i Uskedalen legg opp til tre sjølvstendige julekonsetar i år: I Husnes kyrkje 1. desember, i Uskedalen kyrkje 5. desember, og i Ølve kyrkje 12. desember.

– Vi ønskjer å gje tilhøyrarane ei fin adventsstund i kyrkja; song- og musikkglede er hovudfokus, helsar koret.

I år som i fjor vil koret spe på med krefter utanfrå.

Ungdomskor-tankar

Song som fag i grunnskulen er teke ut av undervisningsplanen – noko som har uroa mange med omsyn til kva dette kan føra til når det gjeld vedlikehald av songinteressa hjå den oppveksande slekta. Trenden i korlivet på bygdene er stort sett at snittalderen i kora har vorte høgare og høgare med åra. Ein kan frykta at denne trenden vil verta sterkare med mindre vekt på song og songglede i skulen.

Styret i Røysterett for alle skriv at dei har vorte kontakta direkte og indirekte frå interesserte foreldre, med spørsmål om dei kunne tenkja seg å få i stand eit ungdomskor/aspirantkor.

– Vi har ikkje ressursar til å driva noko slikt i tillegg til koret, men vi har lufta tankane med leiarane for to andre kor, og dei er samde i at eit slikt initiativ kunne vore positivt for rekruttering blant dei yngre. Kulturskulen er òg kontakta om desse tankane. Signalet derifrå er at dei ser positivt på eit slikt tiltak, og kan leiga ut dirigent, heiter det i skrivet frå koret.

Det blir streka under at eit ungdomsskor ikkje er tenkt som eit aspirantkor for Røysterett for alle, men må sjåast på som eit kor av ungdomar som kan verta eit grunnlag for rekruttering for alle kora i Kvinnherad.

Røysterett for alle sin dirigent, Maria Malmsten, som er tilsett i kulturskulen, har òg blitt kontakta av foreldre med spørsmål om ungdomskor. Ho ser svært positivt på ei slik utfordring, skriv Røysterett for alle.

Eit ungdomskor må ha eige styre samansett av dei føresette, og det er dei som må leggja opp korleis dei vil organisera seg, understrekar styret i Røysterett for alle.

– Styret i Røysterett for alle ønskjer å kunna hjelpa til med det vi har av kunnskap om lagsdrift, og er opne for samarbeidsprosjekt og liknande, heiter det til slutt i skrivet frå koret.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags