– Koristar lever lenger

Vil bli fleire: - Syng med oss, oppmodar Svein Rimestad i Røysterett for Alle. Dirigenten er Maria Malmsten. Foto: arkiv

Vil bli fleire: - Syng med oss, oppmodar Svein Rimestad i Røysterett for Alle. Dirigenten er Maria Malmsten. Foto: arkiv

Av

Påstanden kjem frå Svein Rimestad i koret Røysterett for alle.

DEL

Rimestad meiner han har sakkunnige med seg på påstanden om at korsong forlenger livet.

– Korsong minskar stresset, roar sinnet og kroppen og betrar pusten, smør han på.

Han vil ha fleire med. Særleg trengst det fleire mannstemmer.

– Ein må ofra torsdagskvelden, men vi kan lova at du får mykje igjen i form av energi og humør i eit godt, variert og inkluderande miljø. Vi er interesserte i interesserte, lokkar han.

Øvingane startar opp i Helgheim i Uskedalen førstkomande torsdag.

– Nett no er det lurt å begynna, for no er forspranget vårt minst. Nye songar skal øvast inn, og nye vil få hjelp med innøving av det som trengst av gamalt repertoar.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags