Krystallar i keramikk

Krystallformer i keramikkglasur. (Pressefoto).

Krystallformer i keramikkglasur. (Pressefoto).

Artikkelen er over 7 år gammel

www.kvinnheringen.no: Laurdag opnar Dag Kenneth Sørensen keramikkutstillinga «Krystaller» i Galleri G Guddal.

DEL

Ei pressemelding frå galleriet fortel mellom anna dette om kunsten og utstillinga: Slik naturen i sin eigen langsame prosess skapar krystallar i berget, tryllar Dag Kenneth Sørensen frå Rosendal fram dei vakraste krystallformer i glasuren i skåler og fat.

Den sjølvlærde keramikaren kom over den kinesiske teknikken under ein studietur til Kina i 1988. Vel heime prøvde han seg fram og i 15 år har Sørensen arbeidd med krystallglasuren sine kompliserte, kjemiske prosessar og brennteknikkar. Arbeida hans med krystallar vart så vellukka, at han i 1997 fekk hovudomtale i eitt av dei leiande keramikkmagasina i verda, Ceramic Monthly.

Krystallglasurar gir eit perlemoraktig, glatt og nobelt uttrykk i det kvite, franske porselenet, som eit tredimensjonalt, kjemisk maleri.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags