Jazz-kvartett til Husnes

Kvartett: Trøen/Arnesen kvartett kjem til Husnes for å spela konsert laurdag 8. februar. Pressefoto

Kvartett: Trøen/Arnesen kvartett kjem til Husnes for å spela konsert laurdag 8. februar. Pressefoto

Av

Laurdag 8. februar kjem Dag Arnesen kvartett og Elisabeth Lid Trøen for å halda konsert på Kulturhuset Husnes i regi av Husnes Jazzklubb.

DEL

Musikalsk byr Trøen/Arnesen kvartett på heftig swing og saftige balladar, i eit univers der idealet om den klassiske jazz-kvartetten står sterkt, står det å lesa i pressemeldinga frå Husnes Jazzklubb.

Med eit aldersspenn på fleire generasjonar, og erfaring frå ulike sjangrar og epokar, samlast dei fire musikarane rundt ein felles kjærleik for «den gode gamle jazzen». Med ideal frå jazzen si øvste hylle finn dei inspirasjon frå store namn som John Coltrane, Keith Jarrett, Joe Henderson og Dexter Gordon. Spesielt Joe Henderson er ein sterk inspirasjon for bandet, fordi både Dag Arnesen og Frank Jakobsen spelte i Henderson sin «Norwegian Quartet» saman med bassist Bjørn Kjellemyr. Kvartetten tek med seg jazztradisjonen inn i eigne komposisjonar, samt eigne tolkingar av gamle perler. På denne måten vil bande blåsa nytt liv i tradisjons-jazzen, og utfalda seg i spennet mellom det nye og det gamle.

Litt om musikarane:

Saksofonist Elisabeth Lid Trøen vart uteksaminert frå jazzlinja i Trondheim våren 2015, og har sidan då livnært seg som frilans jazzmusikar. Ho utmerka seg i ung alder som eit jazztalent, og hadde i ein alder av 19 år sin eigen kvartett, saman med Steinar Raknes, Eirik Nylander og Erlend Slettevold. Så langt i karrieren har ho allereie rukke å samarbeida med fleire profilerte jazz-musikarar, både i inn- og utland, deriblant Matias Eick, Tord Gustavsen, Andy Sheppard, Joshua Redman og Tineke Postma. Dei siste åra har ho vore fast medlem i Bergen Big Band, og gjort fleire prosjekt der saman med mellom andre Chris Potter, Eirik Hegdal og Gianluigi Trouvesi, samt vore med på innspelinga av plata Norwegian Song IV. Det siste året har ho også vore å høyra i fleire profilerte prosjekt som t.d. Vestnorsk jazzensemble sitt opningsprosjekt med Jon Balke, og bestillingsverket til Moldejazz 2019 «Klangen av Hoem» under leiing av Erlend Skomsvoll og Ine Hoem. I tillegg til Trøen/Arnesen kvartett er ho også å finna i andre nye, spennande jazzband i Norge, som Bouncealarm, Front!Front, Chief Joe og Johannes Aagard Ensemble.

Dag Arnesen har i lang tid vore ein av Noregs leiande pianistar, med ei lang rekkje utgjevingar, bestillingsverk og prosjekt bak seg. Gjennom ein lang og innhaldsrik karriere har han samarbeidd med norske jazzmusikarar som Knut Riisnæs, Jon Christensen, Karin Krog, Bjarne Nerem og Audun Kleive, samt verdskjende artistar som Joe Henderson og Elvin Jones. Dag Arnesen har gjort stor suksess med konseptet Norwegian Song, og vart tildelt Buddyprisen i 2009. Pianisten har nærmare 20 utgjevingar bak seg, der dei ferskaste er «Pentagon Tapes» der mellom anna Ole Marius Sandberg er med, og «Norwegian Song IV» med Bergen Big Band.

Ole Marius Sandberg er utdanna ved Jazzlinja i Trondheim (1996-1999), og har sidan gitt ut ei rekkje album både under eige namn og med andre, og turnert over heile verda. Han har samarbeidd med mellom andre Erlend Skomsvoll, Eirik Hegdal, Thomas Strønen og Håkon Kornstad for å nevna nokon, og er for tida aktuell med si eiga nye plate «Ensembel».

Frank Jakobsen er ein erfaren og velkjent jazztrommeslagar, busett i Bergen. Han har bidrege på eit hundretals innspelingar både innan jazzsjangeren og andre sjangrar, og samarbeidd med ei rekkje musikarar i verdsklasse. Her går det an å nemna i fleng til dømes Knut Riisnæs, Karin Krog, Kim Farichild, Jan Eggum, Sondre Lerche, Trang Fødsel og Son Mu. Han mottok Vossajazz-prisen i 1997.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags