I samband med at Kvinnherad kommune arbeider med kommunedelplan for kulturminne, har kommunen fått laga ein liten film om eitt av dei viktige kulturminna i kommunen vår. Filmen er laga av Merethe Offerdal Tveit. Rekkjetunet Eikenes i Gjetingsdalen er eit levande kulturminne. Eigarane viser kor viktig det er å føre kulturarven vidare, ved å restaurera bygningane og formidla gardshistoria. Filmen er meint som ein inspirasjon for arbeidet med kulturminne og plan for desse i Kvinnherad. På kommunen sine heimesider kan du finna meir informasjon om det å vera gjestebodvert for kulturminne, og om månadens kulturminne. Kontaktpersonar i kommunen: anita.lykkja@kvinnherad.kommune.no – kjartan.thoresen@kvinnherad.kommune.no