Eli Haugan får kulturprisen

Eli Haugan er tildelt kulturprisen. (Arkivfoto).

Eli Haugan er tildelt kulturprisen. (Arkivfoto).

Levekårskomiteen vedtok måndag kveld å tildela Kvinnherad kulturpris til Eli Haugan.

DEL


Grunngjevinga for tildelinga er som følgjer:

Eli Haugan var i 1980 med å starta Kammerskoret i Kvinnherad. Ho har heilt sidan starten og fram til i dag vore dirigent og kunstnarisk leiar. Utan Eli hadde koret ikkje eksistert, og ho har sørgja for at dei har halde eit høgt nivå. All innsats som Eli har lagt ned her er på dugnadsbasis.

Eli har vore leiar for Sunnhordland kammerorkester i 20 år og stort sett vore med frå oppstarten av orkesteret i 1984. Dette har vore eit omfattande arbeid med å halda kontakt med musikkarar og dirigent, rekruttera nye medlemmar, organisera øvingar, arrangera konsertar, skriva søknader, styra økonomien m.m. Det er truleg snakk om fleire hundre dugnadstimar pr. år. Sunnhordland kammerorkester består av ungdommar, vaksne amatørar og profesjonelle musikarar frå heile Sunnhordland. Orkesteret har som føremål å stimulera strykarmiljøet i regionen gjennom eit samarbeid over kommunegrensene. Orkesteret har såleis vore eit viktig startorkester for fleire talent både i Kvinnherad og regionen elles. Dirigent Lars-Erik ter Jung utala at «Utan Eli Haugan sin innsats hadde Sunnhordland kammerorkester ikkje eksistert i dag»

Kulturperson

Vidare heiter det i grunngjevinga at i tillegg kjem den enorme innsatsen ho har lagt ned som kulturperson i arbeidet i kulturskulen og også utover dette.

Eli Haugan vart i 2001 kåra til årets Husnesing med følgjande grunngjeving.

«I år er Husnesingen ein musikkpris som går til ein person som har vekt musikkinteresse i mange Kvinnheringar. Prisvinnaren har på energisk og vellukka vis gjort ein framifrå innsats for å inspirera andre til å gje musikken ein særmerkt plass i liva sine. Prisvinnaren er sjølv inspirert og inspirerande, dessutan glad og gledesspreiande, og både unge og vaksne har hatt glede av denne kvinna sine evner innanfor pianospel, orkestermusikk og song».

Ein karakteristikk som tildelingsgruppa i Kvinnherad kommune vil stilla seg bak.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags