Konsertoppleving og danseglede

31. oktober 2018, kl. 12:46

Ved Kvinnherad kulturskule var det tysdag 30. oktober duka for barnehagekonsert og danseframsyning for dei minste. Omtrent 30 elevar frå kulturskulen fekk vist fram kunstane sine for 140 barn i alderen tre til fem år frå Myrane, Underheim, Akasia Valen, Sunde og Hauge barnehagar.