Kulturstipend til Garlant og Agdestein

Ian Ward Garlant (t. v.) og Bjarte Agdestein får Kvinnherad kulturstipend.

Ian Ward Garlant (t. v.) og Bjarte Agdestein får Kvinnherad kulturstipend.

Artikkelen er over 5 år gammel

Kvinnherad kulturstipend går i år til Ian Garlant frå Hatlestrand og Bjarte Agdestein frå Halsnøy.

DEL

Dei to kunstnarane får kvar sine stipend på 50.000 kroner. Juryen peikar på at det også i år var fleire gode søkjarar. Dei to som mottar Kvinnherad kulturstipend for 2013 har begge jobba fleire år innan sitt fag. Felles for dei to stipendmottakarane er at dei begge leverte gode og spennande søknadar og tildelingsgruppa har lagt vekt på at dei to søkjarane har teke store sjansar for å satsa på det som kjendest rett – dei har begge satsa friskt på å vidareutvikla seg innan faget sitt. Slikt vert det flotte og spanande prosjekt av.

Bjarte Agdestein kjem frå Halsnøy, men er busett i Oslo. Bjarte har utdanninga si innan grafisk design, samt animasjonsutdanning ved Høgskulen i Volda. Han har i fleire år arbeida som animatør og har vore innom dei fleste animasjonsstudia i hovudstaden. Bjarte samarbeider i dag med to andre om å utvikla teikneseriekonseptet «Krüger & Krogh». Målet deira er å etablere ein albumserie etter fransk-belgisk førebilete, men med sterk norsk forankring. Bjarte får stipend for å kunne fullføre første album i Krüger & Krogh-serien: «Brennpunkt Oslo».

Ian Ward Garlant har sidan 2009 vore busett på Hatlestrand. Han søkjer stadig å utvikla seg som kunstnar. Arbeida hans har vore utstilt både i Norge og i London. Ian har vore pådrivar for fleire kunstnariske arrangement på Hatlestrand der han i stor grad har involvert lokalbefolkninga, spesielt skuleborna. Han har også jobba med prosjekt i den Kulturelle skulesekken i Kvinnherad. Ian arbeidar no med ei utstilling der han måler direkte på ulike typar spesialisopor – det isolasjonsmaterialet som Schat Harding nyttar i livbåtane sine – og aluminium. Resultatet skal verta ei utstilling på Hatlestrand ved jonsoktider. Ian får Kvinnherad kulturstipend for å fullføra arbeidet med utstillinga.

(Presseinfo).

Les meir i papiravisa til Kvinnheringen på onsdag.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags