Gå til sidens hovedinnhold

Kunstferdig finale

Artikkelen er over 8 år gammel

Fredag fekk elevane ved Omvikdalen skule oppleva ein heilt spesiell og kunstferdig haustferiefest.

Det kan dei i stor grad takka seg sjølve for, samt kunstnaren Ian Garlant og assistenten hans, Eva Attramadal, begge busette på Hatlestrand. I tillegg skal «Den kulturelle nistepakken», Omvikdalen Bygdekvinnelag og lærarane ved skulen ha sin del av æra.

Dei to siste vekene har elevane fått bruka ein del tid på å laga og pynta kvar sin kuvert med bordbrikke, fat, glas og fantasimeny. Men dei ante ikkje at det til slutt skulle bli til felles festbord i gymsalen for nær 80 elevar som fekk servert betasuppe og eplekake med is.

Les reportasje frå festen i Kvinnheringen si papirutgåve måndag.