Blåhuer, kvitsaum og mjølkekaker: Kulturminnedagen 2019 tar med seg tradisjonar inn i framtida

KULTURMINNEDAGEN 2019: Frå venstre: Astrid Bjørnebøle Hass og Grethe Bruntland i Omvikdalen Bygdekvinnelag og kulturkonsulent Anita Lykkja inviterer til Kulturminnedagen laurdag 14. september.

KULTURMINNEDAGEN 2019: Frå venstre: Astrid Bjørnebøle Hass og Grethe Bruntland i Omvikdalen Bygdekvinnelag og kulturkonsulent Anita Lykkja inviterer til Kulturminnedagen laurdag 14. september.

Laurdag 14. september blir Kulturminnedagen feira i Rosendal kulturhus.

DEL

– Dette blir stas, seier kulturkonsulent Anita Lykkja entusiastisk.

Omvikdalen bygdekvinnelag skal saman med Kvinnherad kommune arrangera den europeiske Kulturminnedagen 2019 i Kvinnherad. Den går føre seg i Rosendal samfunnshus og inneheld både føredrag og framsyningar.

Kulturminnedagane er i år 7.–15. september og er den største historie- og kulturarvsfestivalen i Noreg med 300 arrangement.

– Temaet i år er «Kulturarv i framtida», noko som passar svært godt til Omvikdalen bygdekvinnelag, seier Grethe Brundtland.

Ho fortel at bygdekvinnelaget er opptatt av å ta vare på kultur og å vidareformidla kultur, men at dei samstundes er opne for nye ting. Særleg har fokuset i laget vore på det som tradisjonelt har vore kvinnene sine oppgåver; mat og handverk.

– Og fordi vi gjev ut ei flott bok om kvinnhersbunaden til hausten, er det naturleg at temaet blir rundt dette, seier Brundtland.

Tradisjonar og identitet

Ho fortel at på Kulturminnedagen blir det både føredrag, demonstrasjonar av handverk, framsyningar, mjølkekaker og rjomegraut. Ein skal syna fram korleis ein bregdar av sokkeband, vev kvarvingar til vest og syr blåhue og kvitsaum til kvinnheradbunaden.

– Tanken er at vi skal arrangera kurs i desse i ettertid. Ein del har allereie meldt si interesse, fortel Brundtland.

Ingrid Lamark, prosjektleiar frå Tradisjonsmatskolen, skal ha føredrag om tradisjonsmat som kulturarv og Brundtland skal sjølv skal fortelja om folkedrakt og identitet. Her skal ho mellom anna undersøka om det finst fellestrekk mellom norske bunadar og samiske og sør-amerikanske folkedrakter. Elev ved Kvinnherad kulturskule, Eva Initskaya frå Husnes, skal ha framføring på trombone og piano. Lykkja peikar på kor viktige bygdekvinnelaga er når det gjeld å ta vare på kulturminne, både på lokalt og nasjonalt plan.

– Eg tykkjer det er svært spanande med den levande kulturen. Levande kulturminne i bygdene våre er nettopp mat og folkedrakter. Dersom ingen lagar mjølkekaker vert det jo borte, seier Lykkja.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags