Deltok på storkonsert i Bergen

KORET: På bildet ser de alle artistane som var med denne kvelden sa-man med gjengen frå Kvinnherad. Maria Trovik Aswage, Ine Fu Di Farestveit, Agathe Ølvestveit , Aslaug Siqveland , Celine Ænes Åsen, Lovise Dommersnes og Elisabeth Hellesøy. (Foto: Solfrid Hellesøy Siqveland).

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Koret Rosendal tweens deltok i helga på «storkonsert 2018» i Grieghallen. Rosendal tweens var eitt av mange kor som til saman utgjorde storkoret med mange og allsidige innslag denne kvelden.

Gruppa frå Rosendal hadde helga 13. og 14. januar besøk av koreograf Ingunn Eckhoff då dei var på danseseminar på bu-heimeleiren til søndagsskulen i Omvikdalen. Saman lærte dei koreografi til eine songen som vart framført fjerde februar framfor mange hundre publikummarar i Grieghallen. Ikkje fritt for at det var både svært spennande og svært kjekt!

Bak konserten står familiegruppa Team SULEBAKK frå Bergen, og med seg på scena har dei et fantastisk barnekor, dansegrupper og mange kjente og kjære artist-venner. Team Sulebakk har sidan 2006 reist rundt i heile landet som en familiegruppe, og besøkt massevis av ulike menighetar, barnekor, ungdomsklubbar, konfirmantgrupper, festivalar og sommarstemne.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags