Lytt til dei eldre

Trygve2

Trygve2 Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Kristian Hus har den seinare tid brukt tid på intervjua mange eldre menneske i Kvinnherad.

Den siste historia er eit intervju med Trygve W. Eikeland frå Sunde. Han er snart 97 år, bur heime på Opsanger og greier seg stort sett på eiga hand.

– Om du berre unngår alvorlege sjukdommar og får behalda ei nokolunde tilfredsstillande helse, er det ikkje så ille å bli gammal, seier Trygve. Viss nokon tenkjer på at han må flytta til ein sjukeheim, må det i så fall skje med makt, legg han til. Han vil bu heime til sin døyande dag, fortel han til Kristian Hus på skimtvis.net.

I intervjuet fortel Trygve om dramatikken han opplevde under siste verdskrigen og om tida som butikksjef på Husnes, der han fekk vera med på planlegginga av Torghuset. Han har òg vore med i politisk arbeid, blant anna som formann i bygningsrådet i mange år.

Dette er det 5. intervjuet i ein serie, der Hus ønskjer å presentera så mange eldre menneske som mogleg i tida framover. Målet er å få fram historiane deira før det er for seint.

Intervjuet kan du høyra her.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags