Kvinnheringar i matbok

Bodil Særsten passar vaffeljernet medan søstrene Haldis Særsten (t.h.), Magnhild Lund-Olsen og Brynhild Særsten Hetland nyt lukta.

Bodil Særsten passar vaffeljernet medan søstrene Haldis Særsten (t.h.), Magnhild Lund-Olsen og Brynhild Særsten Hetland nyt lukta.

Artikkelen er over 7 år gammel

www.kvinnheringen.no: I den nye boka «Levande tradisjonar – smaken av Sunnhordland» er fleire kvinnheringar representert.

DEL

Journalist og forfattar Heidi Eikremsvik har reist rundt i bygdene i Sunnhordland og snakka med folk som praktiserer lokal matkultur.

I Kvinnherad har forfattaren mellom anna vore på besøk hos Åse Guddal på Seimsfoss, husstellærar i 30 år. No er ho pensjonist og gler gjerne familien med mat som har vore laga i kvinnheradsbygdene i mange tiår. Ho har svinga seg rundt og laga fleire kvinnheradsrettar som vert presenterte i den nye boka. Blant rettane er to ulike slag med dravle, ein av dei er kvinnhersk festdravle frå Mauranger.

Forfattaren har og lagt turen innom Halsnøy, der ho mellom andre har snakka med fire søstrer Særsten. Dei røper gamle oppskrifter på nordlandskake, tørre vaflar og svartakake.
Aslaug Torget Sjo let oss få koma inn på kjøkenet hennar og læra teknikken som skal til for å få gode potetkaker og mjølkekaker.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags