Landa-utstilling i Rosendal

Serigrafi laga av Solveig Landa.

Serigrafi laga av Solveig Landa.

Artikkelen er over 6 år gammel

www.kvinnheringen.no: Laurdag 31. mars opnar utstillinga «I vatn – i jord» med serigrafi av Solveig Landa. Utstillinga er også sesongopning i Galleri G Guddal.

DEL

Solveig Landa (51) kjem frå Seimsfoss, men bur no i Stavanger der ho har budd sidan ho avslutta kunstutdanninga i USA. I Stavanger er Landa etablert med eige atelier, noko ho kombinerer med å arbeida som verksmeister på fellesverkstaden Grafisk Verksted.

Bilda som vert stilt ut i Galleri G Rosendal er laga i den grafiske teknikken serigrafi. Motiva er inspirerte av naturen. Dei som kjem til utstillinga vil bli minna om at vinteren er over og at våren er i kjømda.

– Kunstnaren ynskjer med denne ustillinga å gje kreftene i naturen, til dømes i vatn og i is, eit uttrykk, og med det visa det kraftfulle, det vakre, det kaotiske og det skræmande i naturen, og ikkje minst at liknande krefter finst i mennesket, heiter det i pressemeldinga frå galleriet.

Landa skal også delta på Rosendal mat & kunstfestival til sommaren.

Under utstillingsopninga er det Marian Thunold som tar seg av opninga, medan musikarane Oddgeir Røssland og Anders Gaute H. Kristensen bidreg med gitarspel og song.

Ustillinga står til 21. april.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags