Lokalhistorie på veggen

Johannes G. Eide flankert av malarkunstnarane Margaret og Konrad Waraksa.

Johannes G. Eide flankert av malarkunstnarane Margaret og Konrad Waraksa. Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

www.kvinnheringen.no: I dag vart det markert at dei store veggmaleria i Høylandsbygd er så godt som ferdige.

DEL

Eit 20-tals inviterte gjester var med på markeringa der mellom anna kultursjef Kristian Bringdal heidra dei som har stått for idé og gjennomføring.

Eldsjela Johannes G. Eide frå Høylandsbygd er drivkrafta bak prosjektet. I tillegg til å vera eit gigantisk og vakkert blikkfang, vitnar dei to veggmaleria om den stolte skipsbyggjartradisjonen i området. Langveggen fortel mykje om livet til skipsbyggjaren Georg Eide (1896–1951), far til Johannes. Kortveggen er pryda med jakta «Oline» som vart bygt i Gravdal i 1858.

Utførande malarkunstnarar er Margaret og Konrad Waraksa frå Polen.

– Vi har nokre detaljar att før vi er ferdige, fortel dei to flinke malarkunstnarane.

Arbeidet er gjennomført over to somrar (i fjor og i år) og bildet er på rundt 1500 kvadratmeter. Nær 1000 liter maling har gått med.

– Vi er stolte over resultatet og godt nøgde med arbeidet dei unge kunstnarane har utført, seier Johannes G. Eide.

Meir om veggmaleria i Høylandsbygd kjem i Kvinnheringen si papirutgåve onsdag.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags