Det var i samband med Kvinnherad Mållag sitt årsmøte måndag kveld at Målblom-vinnaren vart peika ut. I ei pressemelding frå årsmøtet, er det tatt med interessant, lokal språkhistorikk. Mellom anna får vi vita at vedtaket om nynorsk tenestemål i Kvinnherad går attende til 15. januar 1922.
– Siste vedtaket vart gjort i 1932. Seinare har det ikkje vore naudsynt å ta opp dette spørsmålet. Dette fortel at Kvinnherad har vore og er ein trufast nynorskkommune, heiter det i pressemeldinga.
Mållaget har elles merka seg:
- at kommunen er med i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).
- at kommunen i samarbeid med LNK har skipa til kurset «På saklista» – nynorsk språk- og dokumentlære for lokalforvaltninga.
- at det føreligg politisk vedtak om at opplæringsmålet for vaksne innvandrarar er nynorsk.
- at det ved overgangen til privat barnehagedrift med sterke aktørar frå meir sentrale strok, har ein gjort eigarane merksame på at opplæringsmålet i Kvinnherad er nynorsk og at dette er noko alle skal retta seg etter.
– Så langt vi kan sjå, er kommunen medviten om vedtaket frå 1922 og tilsette gjer sitt beste for god målbruk i saksutgreiing og i alt skriftleg informasjonstilfang internt og eksternt. Dette gjeld òg målbruk i brosjyrar, på kommunen si heimeside og i all marknadsføring og omdømebygging, meiner mållaget.