Mållagsblomar til Vassendgutane

POPULÆRT: Hege Myklebust og blomane frå Noregs Mållag vart tekne godt i mot av Vassendgutane.

POPULÆRT: Hege Myklebust og blomane frå Noregs Mållag vart tekne godt i mot av Vassendgutane. Foto:

Av
Artikkelen er over 9 år gammel
DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Fredag kveld spela dei populære Vassendgutane opp til dans i Dønhauglåven. Nokre timar før konserten fekk dei besøk og blomar frå leiaren i Noregs Mållag.

Vassendgutane frå Ørsta toppar for tida VG-lista med over 30.000 selde av CD-en «XO», som kom ut for ei dryg veke sidan. Dei seier sjølve at dei ikkje har noko medvite forhold til nynorsk, anna enn at dei skriv og framfører tekstane på dialekt.

Korkje salstopp eller bruken av nynorsk-dialekt har gått Noregs Mållag hus forbi. Mållagsleiar Hege Myklebust bur på Stord, og nytta høvet til å reisa over fjorden for å heidra nynorskbrukarane når dei først var i nabolaget.

– De toppar VG-lista, har knallsuksess i alle aldersgrupper og brukar nynorsk på heimesida. Slikt set vi i Noregs Mållag pris på, sa Myklebust og overrekte blomar med denne teksten på kortet:

«Til lukke med suksess på nynorsk!»

– Kjekt og uventa å bli sett pris på på denne måten, sa steelgitarist Lars Egil Vægseter på vegner av bandet.

Artikkeltags