Klart for Dranesbasaren

Denne helga held Matre bygdalag basar på Matre Gjestetun. (Arkivfoto).

Denne helga held Matre bygdalag basar på Matre Gjestetun. (Arkivfoto).

Av

Laurdag 16. mars held Matre bygdalag basar på Matre Gjestetun. Inntektene skal gå til oppgradering av Dranesparken i Matre.

DEL


Bygdelaget har i fleire år bygd opp dette friluftsområdet, og Kvinnheringane kjem ofte dit for å bada, padla, fiska og grilla. Til våren skal ein setja opp ei bu til oppbevaring av utstyr og eit klatrestativ.

– Me har fått med oss Ove Tvedt til å leia basaren. Han er kjend for dei fleste Kvinnheringar som ein dugnadsmann av det sjeldne slaget og som gjerne hjelper til der det trengs. No kjem han altså til Matre, noko me set stor pris på! står det å lesa i pressemeldinga om basaren.

Ein har vinstar nok til tre rundar med åresal, og her kan du vinna mellom anna ein storsekk med ved, bildekk, eit sandlass køyrt heim til deg, gåvekort på 1.000 kroner både hos Felleskjøpet og Sport1, laks, todøgns fjordcruise og mykje anna.

– Næringslivet i Matre og elles i Kvinnherad har vore rause med oss. I tillegg har me fått vinstar av private. Me takkar og bukkar! No gler me oss til å sjå kven som vinn alt me har samla saman, skriv bygdelaget. Matre Gjestetun serverer pizzabuffé med salat og kaffi, og etter basaren blir det dans når DJ Edgar speler musikk. Dei som vil vera med på basaren må melda seg på til Matre Gjestetun, då det er avgrensa med plasser.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags