Med i Nynorske Festspel

Lars Amund Vaage (t.v.) blir festspeldiktar ved Nynorske Festspel i Ørsta i juni. Per Olav Kaldestad og tre familiemedlemer har eit program med song, musikk og diktekunst. (Arkivfoto).

Lars Amund Vaage (t.v.) blir festspeldiktar ved Nynorske Festspel i Ørsta i juni. Per Olav Kaldestad og tre familiemedlemer har eit program med song, musikk og diktekunst. (Arkivfoto).

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

I slutten av juni held Nynorsk kultursentrum i Ørsta Nynorske Festspel. Lars Amund Vaage og Per Olav Kaldestad er blant kunstnarane som er med.

DEL

Forfattar Lars Amund Vaage er festspeldiktar i år. Han har i mange år vore ein av dei mest sentrale nynorskforfattarane og han har fått mange prisar for bøkene sine. Han er òg musikar.

– Musikken er ei stor sak for meg. Det er som om eg spelar når eg skriv, og eg trur det er noko songbart i bøkene mine, sa Lars Amund Vaage då han vart presentert i Ivar Aasen-tunet i fjor haust.

Ifølgje Åshild Widerøe skal dialog mellom musikk og litteratur prega festspelprogrammet. Lars Amund Vaage skal halda eit foredrag om samspelet mellom tekst og musikk.

Komponist Knut Vaage, bror til Lars Amund, skal ha ein del av programmet, saman med songaren Linda Øvrebø.

Forfattar Per Olav Kaldestad og tre familiemedlemer har eit program med song, musikk og diktekunst.

– Dei Nynorske Festspela vil vera ein møteplass mellom ulike kunstformer og mellom ulike språklege, musikalske og visuelle uttrykk, seier Ottar Grepstad, som er direktør ved Ivar Aasen-tunet. Gjennom dialog vil festspela vera med og gjera fleire stolte over det norske språklege mangfaldet.

Elles byr festspela på seks tema- og kunstutstillingar, m.a. om språk, musikk og litteratur.

Artikkeltags