Auka støtte til museum

FELLES POLITIKK: Formannskapet ønskjer å støtta felles museumspolitikk for kommunane i Sunnhordaland.

FELLES POLITIKK: Formannskapet ønskjer å støtta felles museumspolitikk for kommunane i Sunnhordaland.

DEL

Formannskapet støttar ein felles museumspolitikk for kommunane i Sunnhordaland, og eit regionalt ansvar vil tilfalla Sunnhordaland museum.

Kvinnherad kommune har ikkje naudsynt kompetanse for å rettleia alle museum og private samlingar i Kvinnherad, noko som forsterkar ønsket om eit regionalt ansvarsmuseum med god fagleg kompetanse. Kommunen ønskjer å trappa opp det økonomiske bidraget, under føresetnadane at det vil gje ei lette i kommunal drift av verneverdige bygningar, lokale museum og samlingar.

Vidare heiter det i innstillinga at Kvinnherad kommune oppmodar Sunnhordland Museum om å sjå på inntektspotensialet i eiga drift for å eventuelt avgrensa kommunane sitt bidrag.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags