Ingebjørg Eik Band på turisthotellet

Ingebjørg Eik. (Pressefoto).

Ingebjørg Eik. (Pressefoto).

Av

Laurdag kveld kan du igjen oppleva talentet Ingebjørg Eik med band på Rosendal Turisthotell.

DEL


Eitt år er gått sidan sist Ingebjørg Eik Band heldt konsert på turisthotellet i Rosendal. I år igjen blir det ein kveld med lyrisk, vakker, rytmisk og melodiøs musikk. Sidan sist har repertoaret utvikla seg, og vi får høyra ei rad kjente melodiar pakka inn i lekre jazz-arrangement, heiter det i ei pressemelding om konserten. Det dreier seg om alt frå låtar av Dolly Parton og Simon and Garfunkel, til Amy Winehouse og Pink Floyd. På repertoarlista finn vi òg filmmusikk frå filmar som Bagdad Café og Dirty Dancing, men kanskje læt ikkje musikken heilt slik ein er vane med.

Ingebjørg Eik er frå Rosendal, har musikkutdanna seg i Oslo og har jobba som frilansmusikar i mange år. Ho har blant anna spelt med Big Bang, Eva & the Heartmaker, med fleire. Etter nokre år ute i «verda» har Ingebjørg bestemt seg for å flytta inn i seglbåt og bli journalist i Grenda! Med seg i bandet har Ingebjørg eit knippe særdeles oppegåande musikarar. Bjarne Øymyr på piano har lang fartstid i det bergenske jazzmiljøet, og speler mellom anna i Gymnos, Kari Malmanger Band, Fredrik Saroea Quintet med meir. Alex Grieg på kontrabass speler med dei fleste musikarar i Bergen – både innan jazz og andre sjangrar. Han har vore med på ei rekkje plateinnspelingar og turnear i både inn- og utland. Jakob Monsen Hjelmeland på trommer speler mellom anna med storleikar som Miss Tati, HP Gundersen, Good Time Charlie og mange fleire.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags