– Kvinnherad blir viktig for meg

Sist Bratland (27) deltok i MGP var i 2015. I kveld står han igjen på scena i Oslo Spektrum. Han håpar at støtta frå Kvinnherad skal hjelpa han vidare til den internasjonale finalen i Israel. (Arkivfoto).

Sist Bratland (27) deltok i MGP var i 2015. I kveld står han igjen på scena i Oslo Spektrum. Han håpar at støtta frå Kvinnherad skal hjelpa han vidare til den internasjonale finalen i Israel. (Arkivfoto).

Om berre nokre timar skal Erlend Bratland i elden i Oslo Spektrum. Han håpar på ei hjelpande hand frå Kvinnherad.

DEL

Bratland er nummer fem i rekka av artistar under kveldens Melodi Grand Prix i hovudstaden.

– Eg er veldig klar, og føler meg ganske sjølvsikker. Prøvane i går gjekk fint og tilbakemeldingane har vore gode, seier Bratland.

Han var nære sigeren under MGP i 2015, men måtte ta til takke med den litt sure 2. plassen.

– Eg er litt mindre nervøs denne gong, fortel Bratland til Kvinnheringen laurdag ettermiddag.

27-åringen skal framføra den eigenproduserte låten «Sing for you».

– Dette er ein låt som er meint å sjåast live. Det blir eit veldig bra show frå Oslo i kveld, med mange bra låtar. Nivået er høgt, og eg har eit par farlege konkurrentar. Likevel meiner eg at låten min skil seg litt ut. Den har ei litt annan stemning enn det dei andre har. Den er organisk og ekte, utan datalydar. Det var viktig for meg.

– Kor lyst har du på ein billett til Tel Aviv?

– Den har eg så innmari lyst på. Men som nemnd er det er mange sterke konkurrentar med. Sist var eg skråsikker på at eg skulle vinna, det er eg ikkje denne gongen. Men eg skal gjera mitt absolutt beste, og eg trur eg kan bli ein veldig god representant for Norge i Tel Aviv.

Erlend vil takka alle som sender han lukkeønskingar frå Kvinnherad.

– Det er utruleg hyggjeleg. Eg føler det nesten som at eg aldri har reist frå Kvinnherad. Det merkar eg når eg er heime og til dømes tar meg ein tur på senteret. Det er koseleg. Kvinnherad blir viktig for meg i kveld.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags