Jazzklubben får besøk av The Hungry John Band

BLUES: 8. november får du servert blues via jazzklubben og The Hungry John Band på 5460 på Husnes. (Pressefoto).

BLUES: 8. november får du servert blues via jazzklubben og The Hungry John Band på 5460 på Husnes. (Pressefoto).

Fredag 8. november får Husnes Jazzklubb besøk av The Hungry John Band. Denne kvelden blir arrangementet halde i Bar 5460 sitt lokale på Husnes.

DEL

– Det er lenge sidan me har presentert blues for publikumet vårt, så det gler me oss til, skriv jazzklubben i pressemeldinga.

John Magnar Bernes, betre kjent som Hungry John, har via livet sitt til bluesen si teneste. Sidan midten av 60-talet har han reist land og strand rundt for å spreia sin «blåtonebodskap», alltid vaken for nye impulsar og stilretningar innan blues. Han er ein av dei verkeleg store slitarane i norsk musikkliv, ein veteran som nyt respekt langt utover landegrensene for sin livslange, lidenskapelege innsats for musikken som ligg hans hjarta nærast; blues.

Bernes fikk kallenamnet Hungry John då han svelt som gatemusikant i London tidleg på 70-talet. Vel heime i Norge starta han Bergen Blues Band i 1975. Dette bandet var banebrytande i si misjonering for blues i Norge, ikkje minst fordi dei nesten utelukkande satsa på eige materiale komponert av Bernes. Bergen Blues Band fått tre LP-ar på EMI. Parallelt med dette gjennomførte Bernes to turnear med Pete York frå Spencer Davis Group, Blues Union og Blues Reunion, og han deltok på historiske innspelingar i Chicago saman med eit stjernelag beståande av blant anna Knut Reiersrud.

På tampen av 1984 starta Bernes «Hungry John and The Blue Shadows», tydeleg inspirert av rockete Texas-blues. Bandet laga tre album i løpet av dei ti åra det heldt saman. Det første albumet blei gitt ut i USA. The Blue Shadows blei eigentleg aldri oppløyst, men etter nokre utskiftingar i besetninga valde Bernes å droppa gruppenamnet og heller la bandet sitt opptre under det enkle og treffande «Hungry John».

Bernes har turnert med sitt eige band i Skandinavia, Tyskland, Frankrike og Russland. I Finland har han turnert med Wentus Blues Band, i Karibien med Shades of Blues. Han har gjort konsertar i USA og Europa med bl.a. Sunnyland Slim, Homesick James, Eddie Boyd, Louisiana Red, Alexis Korner, Colin Hodgkinson, Jukka Tolonen, Pete York, Guitar Shorty, Bob Stroger, S.P. Leary, Roy Allison og Willie Smith. Han har gjort support for B. B. King, John Mayall, Buddy Guy, Junior Wells, med flere. Bernes har også eit prosjekt saman med Mads Eriksen; Mad and Hungry.

John Magnar Bernes (vokal/munnspel) har med seg Atle Johannessen (gitar), Aksel Fjæra (bass/vokal) og Gunnar Bergstrøm (trommer).


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags