Sponsar motorsykkeltalentet med konsert

SPONSORKONSERT: Laurdag 26. januar skal Sløyden Rock halda sponsorkonsert til inntekt for motorsykkelentusiasten Marius Ripel Jensen i kulturhuset på Husnes. Her ser vi Marius bak trommene, omringa av medlemmar i Sløyden Rock: Richard Pettersen (t.v.), Odd Åge Helvik, Jarle Bruntveit, Rune Bergstø Jacobsen, Per Gunnar Raudstein og Ronny Raudstein. Maria Pettersen og Raymond Støle mangla under bildetakinga.

SPONSORKONSERT: Laurdag 26. januar skal Sløyden Rock halda sponsorkonsert til inntekt for motorsykkelentusiasten Marius Ripel Jensen i kulturhuset på Husnes. Her ser vi Marius bak trommene, omringa av medlemmar i Sløyden Rock: Richard Pettersen (t.v.), Odd Åge Helvik, Jarle Bruntveit, Rune Bergstø Jacobsen, Per Gunnar Raudstein og Ronny Raudstein. Maria Pettersen og Raymond Støle mangla under bildetakinga.

Sløyden Rock slår på stortromma og held konsert 26. januar i kulturhuset på Husnes, til inntekt for motorsport-talentet Marius Ripel Jensen (26).

DEL

Det er langt ifrå ein billeg sport Marius Ripel Jensen, også kalla «Ripel'n», har lagt sin elsk på. For å samla inn pengar til motorsykkelentusiasten, skal Sløyden Rock halda sponsorkonsert i kulturhuset på Husnes.

– Sløyden Rock har ikkje midlar dei kan sponsa direkte med, så dei slår heller på stortromma og lagar ein fest. Det er overveldande og kanontøft, seier Ripel om initiativet til Sløyden Rock.

Sponsorkonsert

Det heile starta med at Sløyden Rock heldt konsert på nyopninga av Slangeservice AS, som er hovudsponsoren til Ripel'n Racing 12. I kulissane medan konserten pågjekk, fann bandet like så godt ut at det kunne halda sponsorkonsert for Ripel'n. Musikarane annonserte dei spontane planane sine der og då, og resten er historie.

– Dette er ein konsert for alle som vil delta. Det er berre til å kjøpa billett, så er ein med på å samla inn pengar til «motorsport-sonen» vår, smiler Jarle Bruntveit, som speler trommer i bandet.

– Det vil vera musikk som alle kan kjenna igjen, og vi lovar at det skal bli ein heidundrande fest, held han fram.

Konsertane pleier å vara i overkant av fire timar, og det er heile 45 songar på spelelista. Songar frå kjende namn som CC Cowboys, deLillos, Dumdum Boys, Bon Jovi, The Rolling Stones, AC/DC, Guns N' Roses og Volbeat står på repertoaret til Sløyden Rock.

– Vi håpar på publikumsrekord, smiler gitaristen Per Gunnar Raudstein.

Han anslår at tidlegare publikumsrekord er 150 stykk, så fullt hus på kulturhuset ville vore eit stort steg opp.

– Vi får håpa at vi får samla inn litt pengar som Ripel'n har bruk for då, held han fram.

– I løpet av ei helg kan eg svi av dekk til ein verdi av 20.000 kroner, meddeler Ripel.

– Då må eg nesten skryta på meg at eg bruker opp to sett med trommestikker per konsert, legg Jarle til, og dei bryt ut i latter.

Eldsjelene i Sløyden Rock elskar å halda på med musikk.

– Vi eksisterer på grunn av sponsa midlar, så dette er eit fint høve for oss til å få gje noko tilbake og gjera noko for å gleda andre.

Sykkelen til Ripel'n vil ta heidersplass på scena saman med Sløyden Rock under konserten. I tillegg har dei ei overrasking på lur. Ein lokal gjesteartist vil dukka opp, men kven dette er, vil dei ikkje avsløra.

– For å finna det ut må ein rett og slett møta opp, avsluttar Jarle smilande.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags