Klassisk duo i Kvinnherad kyrkje

KONSERT: Duo Amasia held konsert i Kvinnherad kyrkje søndag kveld 20. oktober. Duoen består av klassisk gitarist Nora Amanda Gundersen frå Askøy og Laura Matz, fløytist, frå Frankrike.

KONSERT: Duo Amasia held konsert i Kvinnherad kyrkje søndag kveld 20. oktober. Duoen består av klassisk gitarist Nora Amanda Gundersen frå Askøy og Laura Matz, fløytist, frå Frankrike.

Søndag kveld kan du oppleva Duo Amasia i Kvinnherad kyrkje.

DEL


Nora Amanda Gundersen er klassisk gitarist frå Askøy. Ho er utdanna ved konservatoriet i Strasbourg og musikkhøgskulen i Stuttgart. Laura Matz, fløytist, kjem frå Frankrike.

Namnet «Amasia» har dei tatt frå favorittstykket på repertoaret deira, som er av den fransk-armenske gitaristen og komponisten Larent Boutros. «Amasia» er òg namnet på eit framtidig superkontinent. Ideen deira er at uttrykk frå heile verda smelter saman.

Tidlegare i år har Duo Amasia vunne 2. pris i kammermusikk-konkurransen i Ramiremont, Frankrike, og spelt opningskonsert på «Grand Estival de Guitare» i Strasbourg. Deira første cd-album, «Amasia», kjem ut i vinter.

Programmet er samansett av mellom anna spanske dansar av Granados og lyriske stykke av Grieg, musikk av brasilianske Heitor Villa-Lobos, argentisk musikk av M.D Pujol, og av Bela Bartok m.m. Programmet er i hovudsak klassiske komposisjonar inspirerte av tradisjonell musikk, både originalt skrive for, og arrangert, for besetninga fløyte og gitar.

 Slik blir kulturhausten i Kvinnherad 

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags