Til Finnmark: Humming Beez frå Kvinnherad går på scena etter KEiiNO

Denne veka reiser Humming Beez heilt til Finnmark for å spela konsertar. (Foto: Kristina Lie Sundal).

Denne veka reiser Humming Beez heilt til Finnmark for å spela konsertar. (Foto: Kristina Lie Sundal).

Kvinnherad-bandet Humming Beez skal spela to konsertar i Finnmark denne veka.

DEL

Bandet Humming Beez frå Kvinnherad reiser denne veka til Finnmark for å spela to konsertar. Først skal dei til Kunes i Laksefjorden og spela på Kunesdagan torsdag 25. juli. Kunesdagan er ein heilt unik festival som blir arrangert i den vesle bygda Kunes innst i Laksefjorden.

Der skal dei på scena rett etter KEiiNO, bandet som representerte Norge i Eurovision og kom på femteplass i mai i år. Andre artistar som skal spela på Kunesdagan Mari Boine, og billettar til konsertane er for lengst utselde.

For å få spela på Kunesdagan må nokre av musikarane ha ei tilknyting til Finnmark, og Bernth-Harry Eliassen på vokal og gitar kjem opprinneleg frå Nordkapp kommune i Finnmark.

Dei andre i bandet er Geir Jakobsen på bass, Frode Kaldestad på piano, orgel og trekkspill, Jan Arthur Kalsås på trommer og Finn Tore Hellesen på gitar. Vanlegvis er også Håkon Røstbø med i bandet, men han hadde dessverre ikkje høve til å vera med.

Etter Kunes går turen vidare til Honningsvåg, der bandet skal ha konsert på Perleporten Kulturhus laurdag 27. juli. Dei fleste av bandet sine medlemmar har aldri vore i Finnmark, så alle gler seg til turen nordover.

– Vi skal spela rundt to og ein halv time kvar plass, og setta består av sjølvkomponerte låtar og ein del coverlåtar oversette til nordnorsk. I tillegg blir det på siste settet ein del livlege coverlåtar av ulike band og artistar, fortel vokalist Eliassen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags