Nett-tv for utviklingshemma

TV BRA kjem til Kvinnherad Vekstbedrift 17. oktober for å ha lanseringsfest. (Foto: Ralph von Minden).

TV BRA kjem til Kvinnherad Vekstbedrift 17. oktober for å ha lanseringsfest. (Foto: Ralph von Minden).

Artikkelen er over 2 år gammel

17. oktober blir det lanseringsfest for den nye nett-tv-kanalen tvbra.no på Kvinnherad Vekstbedrift i Uskedalen.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

TV BRA er eit prosjekt støtta av Ekstrastiftinga, og ein del av Nordnes Verksteder i Bergen. Målet er å skapa spennande arbeidsplassar for personar med utviklingshemming innan journalistikk og tv-produksjon. Her skal målgruppa få komma til ordet og bidra til at personar med utviklingshemming kan få ein større plass i samfunnet i vest. I samband med lanseringa av nettsida www.tvbra.no skal redaksonen på ein liten reportasjetur. Føremålet med turen er tosidig, skriv redaksjonen i ei pressemelding:

– Vi ønskjer at mange skal få bli kjent med TV BRA og kva vi står for, samtidig ønskjer vi å laga reportasjar frå distriktet til nettsida vår. Dette synest vi er ein fin måte å markera at TV BRA skal bli til glede for alle i Hordaland!

Og 17. oktober blir det lanseringsfest hos Kvinnherad Vekstbedrift i Uskedalen. Der blir det open dag, der TV BRA skal presentera nettsida si og filma til ein reportasje. Det blir også underhaldning.

– Kanskje du er ein av dei som TV BRA-redaksjonen ønskjer å intervjua? Uansett kva som skjer håpar vi du kan setja av føremiddagen og bli med på festen, heiter det i pressemeldinga frå tv-kanalen.

Artikkeltags