Gå til sidens hovedinnhold

Norsk Lyspris til Samspel

Artikkelen er over 13 år gammel

Kunstverket Samspel er tildelt Norsk Lyspris 2007 for beste utandørs lysanlegg. Dette er tredje kvalitetsutmerkinga Samspel dreg i hamn.

Kunstverket Samspel i SØRAL-rundkøyringa vert lagt merke til langt utover kommunegrensene. I kveld vart kunstverket tildelt den prestisjetunge Norsk Lyspris, for innovativ, spennande og kreativ lyssetjing.

Prisen er ein heiderspris og eit kvalitetsmerke, tildelt av Lyskultur, som er ein nøytral organisasjon og kunnskapssenter for lys. To prisar vert utdelte annakvart år, éin for innandørs og éin for utandørs lysanlegg. Førre utandørs pris gjekk til Snøhetta i 2005 for kreativ lyssetjing i Skien by.

Det er arkitekt- og designfirmaet LEAD Inc. som har formgjeve Samspel, og Gretha Rød seier til Kvinnheringen at det er fantastisk å nå til topps i den same tevlinga som det anerkjente Snøhetta vann sist.

Spenstig

Ikkje berre LEAD Inc. vert heidra for Samspel, men også dei andre selskapa som har vore involverte. For Samspel sin del gjeld dette eigar, prosjektleiar og oppdragsgjevar SØRAL, lysdesigner CP-Norway ved Arne Grønsdal, Node rådgivende ingeniører AS for statistikkanalyse og tre tyske selskap som har bidrege i tekstilanalysen.

– Det er svært kjekt for oss å promotera Kvinnherad med dei aktørane som har delteke, seier ei oppstemt Gretha Rød i LEAD Inc.

Ho vil gjerne òg trekkja fram Skarveland AS ved Tom Jensen, som utførte den krevjande jobben med aluminiumskonstruksjonen med glans.

– Det er flott at SØRAL investerer i lokalsamfunnet på denne måten og at dei våga å satsa på ein utradisjonell og spenstig konstruksjon. Ikkje minst er vi glade for at dei tok sjansen på å gje oppdraget til oss i LEAD Inc. Tusen takk til Jan O. Yttredal, Asbjørn Johannessen, Tor Bringedal, Ernst Jaggi, Anne Karin Helvik og Sveinung Grønstøl, seier Gretha Rød.

Prisen vart delt ut på ein internasjonal konferanse om lys i Sandvika torsdag ettermiddag.

Kvalitet

– Dette er klart eit kvalitetsmerke for oss i LEAD Inc., og vi håpar og trur det kan medføra nye og spennande prosjekt, innrømmer Gretha Rød. Ho kan fortelja at alt før prisen vart kjend, har selskapet vorte kontakta av Florø og Odda kommunar om kunstinstallasjonar på offentleg stad.

LEAD Inc. har tidlegare motteke to prisar for Samspel, eller «Tempo», som dei sjølve kallar kunstverket for. I 2006 kom «American Institute of Architects Honor Award» frå Minnesota og tidlegare i haust fekk dei prisen «International Achievement Award of Excellence» for beste design med bruk av industritekstil. Begge gongane konkurrerte dei på høgt internasjonalt nivå, noko som bekreftar at både kompetansen og ambisjonane er på plass i selskapet.