NRK kjem til Rosendal

Programleiarane Jan Børge Leirvik og Helene Vassbotten Lervik frå NRK Hordaland kjem til Rosendal for å laga sommarradio. (Pressefoto).

Programleiarane Jan Børge Leirvik og Helene Vassbotten Lervik frå NRK Hordaland kjem til Rosendal for å laga sommarradio. (Pressefoto).

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Denne veka kjem NRK Hordaland sin sommarpatrulje sjøvegen til Sunnhordland, og tysdag 12. august er dei i Rosendal.

DEL

Det vert tre timar direktesend radio derfrå, frå klokka 14.03 til klokka 17.

– Dersom nokon vil ta turen ned på kaien og prata med oss, så kan dei gjerne ta kontakt på føremiddagen og fortelja kva dei har på hjarta. Vi kjem til Rosendal alt på mandagen, seier programleiar Jan Børge Leirvik, som også på fritida er ein ivrig seglar.

Saman med Helene Vassbotten Lervik skal han gjera sitt beste for å spegla sommarliv og båtliv på stadane dei vitjar, og alt no kan dei to lova både konkurransar og levande musikk.

– Vi vil formidla båtbyggar-bygda, tur- og turistbygda, og sjølvsagt vil det også handla om Baroniet Rosendal, seier Leirvik.

Sjølv om det i år vert tre timar direktesending, vil nyhende, vêrmelding og trafikkoppdateringar gå som normalt.

Dei to programleiarane kjem tøffande i «Moira II», ein 33 fots motorseglar.

Det vert sending frå Vedholmen i Os (11. aug.), Rosendal (12. aug.), Mosterhamn (14. aug.) og Bekkjarvik (15. aug.).

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags