Ny utstilling

Dyr og menneske dominerer dei fleste bilda til Eli Hovdenak.

Dyr og menneske dominerer dei fleste bilda til Eli Hovdenak.

Artikkelen er over 6 år gammel

Laurdag 20. oktober opnar Eli Hovdenak frå Oslo ny utstilling i Galleri G Guddal i Rosendal. Utstillinga er starten på «Folkemusikkveka i Kvinnherad».

DEL

Eli Hovdenak (f. 1956 i Porsgrunn) kjem til å visa ei bildeverd fylt med humor. Ho er oppteken av kommunikasjon i ord og bilde; forståing/mistyding, kontakt/mangel på kontakt, likskap/ulikskap osv. går det fram av ei pressemelding frå galleriet.

Då galleristen bad om stikkord for innhaldet i bilda ho tar med til Rosendal var svaret: Munthe, elg og erotikk!

Hovdenak har sin bakgrunn frå Statens håndverks- og kunstindustriskole og Statens Kunstakademi.

Ho kom inn på Haustutstillinga på første forsøk og har vore med der mange gonger. Utstillingslista er også lang – både i inn- og utland.

Ho er innkjøpt av Nasjonalgalleriet, Norsk Kulturråd og mange fleire store institusjonar og kommunar.

Av utsmykkingar kan vi nemna Skøyen skule, Ullevål pasienthotell, Hunderfossen leikeland, Kripos og St. Olavs Hospital. I år 2000 fekk ho Kunstklubben sin grafikarpris.

Og det er som grafikar vi møter henne i Rosendal. I 2010 var det 150 år sidan Margrethe Munthe var fødd. I samband med det blei det gjeve ut ei samling med nokre av songane hennar. Eli Hovdenak har illustrert boka og nokre av desse bilda blir å sjå i galleriet.

Bilda hennar er enkle, fargerike og glade. Stilen er naivistisk. Ho gjengjev velkjende situasjonar på ein ny og overraskande måte. Det er menneske og dyr som dominerer bilda. Motiv og bilettekst utfyller kvarandre.

«Jeg er streng på språket, og synes misforståelser er utrolig morsomt. Vi sitter inne i våre bobler, prater forbi hverandre og er ofte blinde for andre sammenhenger enn de vi ser frå vårt yrke og ståsted. Det som er normalt i et miljø er absurd i et annet. Måten folk ordlegger seg på blir ofte til bilder for meg.»

Hovdenak kjem til Rosendal og blir med på utstillingsopninga. Med på opninga blir også fylkesmusikarane Reidun Horvei – kveding og Frank Henrik Rolland – hardingfele.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags