Av pressemeldinga frå Galleri G Guddal går det fram at dette er den tredje utstillinga hans i galleriet: 10 år sidan første gong og seks år sidan førre. I utstillinga vil publikum finna både grafikk og skulpturar i glas og bronse. Widerberg er elles synleg heile tida i Rosendal – han er kunstnaren bak den store skulpturen som vart sett opp ved Kvinnherad Sparebank i år 2000.
Nico Widerberg er ein svært aktiv og aktuell samtidskunstnar. Han har halde separatutstillingar i Norge og i utlandet – England, Østerrike, Kina, Hellas, Sverige, Finland og Danmark m.m. Store arbeidskrevjande utstillingar. Den siste store i Galleri Haaken i Oslo hausten 2010.
I mars i år avduka han skulpturen «Herman» på Sortland i Nordland. Herman frå boka til Lars Saabye Christensen.
På utstillinga i Rosendal får vi sjå grafiske blad frå eit samarbeid mellom Widerberg og Christensen – tekst og bilete. Men det er logisk nok som skulptør han er mest synleg. Han har mellom anna laga monument over Thor Heyerdahl og Trygve Lie, og utsmykkingar for Regjeringsbygget, Gardermoen hovudflyplass, Statoil, Aker Maritime, Aker Brygge, Asker sentrum for å nemna nokre.
Menneskekroppen og torsoen har blitt Widerberg sitt kjennemerke både i skulpturane og bileta. I mai i år kom ein ny champagne på marknaden i Norge med etikett av Widerberg. Etikettbildet «Møte» er med på utstillinga i Rosendal (og du ser det til høgre her).
Kunstnaren vil sjølv vera til stades under opninga der vi også får musikk av Aleksander Rebaudo.
Utstillinga står til 13. august.