Festidalen og Kammermusikkfestivalen fekk mest

Festidalen får i år 100.000 kroner i festivaltilskot. (Arkivfoto).

Festidalen får i år 100.000 kroner i festivaltilskot. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 1 år gammel

Levekårskomiteen delte måndag ut midlar til ulike festivalar i Kvinnherad.

DEL

Dei to festivalane som får mest er Festidalen og Rosendal kammermusikkfestival, som kvar får 100.000 kroner. Rosendal Kammemusikkfestival hadde søkt om 150.000 kroner, med eit driftsbudsjett på rett over fire millionar kroner.

Festidalen hadde søkt om 400.000 kroner i tilskot. I søknaden peika Festidalen på at dei har etablert seg som ein stor og viktig møteplass i Kvinnherad, som trekk til seg tilreisande og blir sett pris på både av fastbuande og utflytta kvinnheringar.

Underskot i 2017

I søknaden skriv og Festidalen at dei har investert mellom 400 og 500.000 kroner i infrastruktur for å kunna gje publikum ei betre festivaloppleving. Dei har bygd seg opp ein viss eigenkapital, men i fjor enda det med eit underskot på 600.000 kroner. Hovudårsaka til dette meiner Festidalen-leiinga var dei heller krevjande vêrforholda. Levekårskomiteen fann ikkje 400.000 kroner, men 100.000 kroner til denne festivalen.

I tillegg får Om Stock på Husnes 50.000 kroner. Denne festivalen vart arrangert for første gong i fjor, med 650 betalande gjester. I år vil ein prøva eit liknande opplegg, men ein har auka budsjettet og vil bruka meir på artistar. Festivalen blir arrangert i samband med Husnesdagane.

Ein heilt ny festival, Hardanger Street Art Festival får 30.000 kroner. Skutfest i Rosendal får 20.000 kroner, ein festival som skal gå over tre dagar frå 14. til 16. september.

Komiteen følgde i denne saka Rådmannen si tilråding, og vedtaket var samrøystes.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags