Travel helg på Snikkeriet

Svenske Peter Nordberg står på scena til Snikkeriet laurdag.

Svenske Peter Nordberg står på scena til Snikkeriet laurdag.

Artikkelen er over 1 år gammel

Både fredag og laurdag blir det full rulle på Snikkeriet i Rosendal.

DEL

Fredag vert det lova eit energisk og heilhjarta forsøk på å formidla Led Zeppelin sine låtar ut til folket. Dei som skal gjera dette er LA Drone, som er eit resultatet av fem eminente musikarar som har sett i gang eit Led Zeppelin-prosjekt. I heile fjor øvde bandet, og nyleg har dei byrja å spela ute.

‒ Sidan starten i 2017 har det tatt ganske lang tid å få inn godt og vel 20 låtar på eit presentabelt og respektfullt nivå. Det tar tid å gjera Zeppelin, heiter det i ei pressemelding frå Snikkeriet.  

Her står det òg at gjengen håpar på bra oppmøte, og lovar god stemning uansett om det kjem 5 eller 150 personar.

– Vi gir jernet for dei som dukkar opp, lovar Jens Thiesen (Robert Plant), Magnus Soltvedt (John Paul Jones), Ole Martin Alsaker (Jimmy Page), Vegard Garnes (også Jimmy Page) og Tommy Hagen (John Bonham-wannabe)

Laurdag

Svenske Peter Nordberg står for tur på Snikkeriet laurdag. Stockholmaren Nordberg var berre 19 år då han signerte sin første platekontrakt, dette i Italia, men det er først og fremst i Norge han har gjort suksess. Solodebuten «Tiden Visar Vägen» kom ut på stavangerselskapet Skarv i 1999, og har blitt følgt av ytterlegare tre album og to EP-ar under eige namn, samt tre plater saman med tidlegare Vamp-vokalist Vidar Johnsen.

Samarbeidet med Vidar resulterte i både gull og platina-plater, spelemannspris-nominasjon og ei rekke radio-hits. Komande laurdag er det duka for solokonsert med Peter Nordberg.

‒ I løpet av kvelden får vi høyra låtar både frå soloplatene og frå perioden med Johnsen/Nordberg, heiter det i pressemeldinga frå Snikkeriet.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags