Det var i dag Gørild Guddal fekk prisen.
Saman med prisen følgjer det med 50.000 kroner. I tillegg skal det delast ut ein nasjonal vinnar, som får 250.000 kroner.
Det er Innovasjon Norge som kvart år ut Bygdeutviklingsprisen. Prisen er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for dei som har etablert ei vellukka bedrift eller næring med basis i bygdenes og landbrukets ressursar.
Kandidatane vert vurdert etter følgjande kriterier:
Økonomisk resultat/lønsemd
Nyskaping/originalitet
Sysselsetting, særleg for kvinner og ungdom
Sosial og miljømessig berekraft, herunder utnytting av lokale ressursar, fortrinn og ringverknader i lokalsamfunnet.
Gull verd
Vi har ikkje fått tak i Gøril i ettermiddag, men varaordførar Hans Inge Myrvold skriv følgjande på facebook i ettermiddag:
Gøril med sitt engasjement, pågangsmot og fantastiske gründerskap er gull verdt for Kvinnherad kommune, heile regionen og fylket! Gratulera.
Vi føyer oss inn i rekkja og gratulerer.